Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Eldbjørg Utheim kom frå Hyen i NordfjordDer vaks ho opp i ein syskjenflokk på 10,på eit småbruk under enkle levekår med arbeid og samhald i ei stor og nær slekt i området.Heimstaden ogfamilie kom til å bety mykje fr ho i alle lveår. Sjukepleiar utdanna ho seg til i Trondheim,og etter praksis i mange år ved sjukehus på ulike srader,kom ho til Larvik for å leie den nye operasjons- avdelinga ved sjkehuset her. Ho fekk rike og krevjande år saman med gode medarbeiderar her,- til ho gjekk av med pensjon.Ho og mannen Aksel budde då på Hovland,ved Nanset kyrkje,og ho vart i mange år knytt til kyrkja og arbeidet der. Eldbjørg vaks opp i ei familie med mange ulike arbeidsoppgåver på småbruket. Ho sat sjeldan med hendene i fanget,- handarbeid var kjære oppgåver,- og mange er dei dukar og sengetepper ho har hekla og gitt bort. Ho var svært opptatt av å yte noko,særleg var omtanken for barn i naud,stor. Alle midler etter seg har ho testamentert til naudlidande barn. - Dei siste levera fekk ho på Furuheim aldersheim.Der hadde ho det godt,og opplevde å vere i « eigen leiligheit» Takk tildei mange som besøkte ho,stelte for henne,,og gab henne impulsar dei siste åra i livet Ho var glad for besøk,delte gjerne ein song,salme og bøn,og var med i samtaler like til det siste. Velsigna vere minnet etter henne! For vener her Kjellmar Emhjellen